Øystein Runde

Øystein Runde

Av meg:

Bøker

Podcast

Tek prateoppdrag via Norsk Forfattersentrum


Slutt å tru at du må vere så god

DiversePosted by Øystein Tue, April 16, 2013 22:38:47
Etter filmprosjektet Last Christmas så sit eg igjen med ein uendeleg stor visdom som eg vil la drysse ned over unge, håpefulle filmskaparar og skodespelarar, som flass frå ein svært høg mann med flass.

Og dette gode rådet er: Møt opp.

Om du er interessert i å verte skodespelar, kva med å lage ein video? Lån ein iPhone eller eit videokamera. Les inn eit kort, kult dikt i tre ulike stilar. Komedie, tragedie, og actionfilm. Legg det på youtube, som privatvideo, om du ikkje vil at folk skal sjå deg ... vent, vil du ikkje at folk skal sjå deg? Kvifor er du då hypp på å verte skodespelar? Den trygge økonomien? Bjørn Sundquist banka opp vennane sine om dei ikkje såg på diktlesingane hans. Eric Bishop skifta namn til det rare "Jamie Foxx" sånn at klubbar skulle tru han var ei jente og sleppe han til litt oftare.

Dette er sånne folk eg vil jobbe med.

Ikkje søte nittenåringar som sender meg tre like foto av seg sjølv, akkurat same vinkel, for dei er redde for at om eg får sjå dei frå ein vinkel dei ikkje er optimalt pene i, så mistar dei sjansen.

Vi vil ha Hannah Karine Giske, som fortløpande sender oss forskjellige auditionvideoar fordi ho ikkje klarer å slutte å tenke på karakteren sin. Som sit heile innspelinga og skriv dagbøker og dikt som karakteren sin, som lagar mat i rolle, og som blir sjuk fysisk viss rolla hennar er sjuk. Det er slitsomt for henne, men det vert bra. Ikkje at dette er ein fasit - alle skodespelarane vi hadde hadde ulik innfallsvinkel, og dei bidrog kvar og ein på overraskande og fantastiske måtar. Det var flaks, men det var også masse arbeid med castinga fram til vi endeleg fekk flaks.

Før vi fann dei, var vi ofte frustrerte: Var det ingen som berre kunne gjere det vi ba om? Sende ein videosnutt med nokre linjer dialog? Og føle dialogen på tre ulike måtar? Det er det som er faget dykkar, å føle ting på kommando. Men at det skal vere så bra? Ikkje stress. Vi ser ikkje på om tolkinga di er "bra". Vi ser berre på om du var i stand til å trykke "rec" på eit kamera og sende oss videoen. Det er alt vi vil ha, at du er trygg nok til å stole på at vi kan sjå gjennom dårleg bildekvalitet, dårlege valg, dårleg sminke osv. Dum deg ut, send inn noko skrot, men send det i tide.

Gratulerer, du slo nettopp 99% av alle andre.




Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.