Øystein Runde

Øystein Runde

Av meg:

Bøker

Podcast

Tek prateoppdrag via Norsk Forfattersentrum


Japansk entusiasme

DiversePosted by Øystein Mon, March 19, 2012 13:05:25
Las i siste nummer av Gantz at Hiroya Oku faktisk har ein plan med kvar ting skal gå, og “håper inderlig eg får teikna den siste episoden ein gong i framtida. Tanken fyller meg med skam og glede, nesten som masturbering.”

Det var nok for meg. No er eg like entusiastisk som i starten igjen. GANTZ GANTZ GANTZ GANTZ! Det gjer ingenting om det er jug og han berre bløffar, så lenge eg FØLER at det er på veg ein stad.
Må berre smelle ut nokre fantastisk bra japanske seriar (vil ikkje kalle dei “manga”, for då trur folk det er store auge og folk som skiftar kjønn og HILARITY ENSUES) som har ein gjennomtenkt, bra slutt etter kanskje tusen eller ni tusen glimrande sider:

Lone Wolf and Cub. Du ER i føydaljapan gjennom 9000 sider. Etterpå slutta eg på kendo, for eg følte eg ikkje kunne kome lenger inn i føydaljapansk kultur lenger uansett. Kendotrenaren min sa det var den første gode grunnen til å slutte han hadde høyrt.
Eg likte Lone Wolf VELDIG godt, så godt at eg like gjerne lagde 150 sider om ein knallhard viking med rare verdiar (det er demmes kultur, ikke sant) og ein baby. Dark Horse-versjonen av Lone Wolf hadde også ei glimrande ordliste med japanske ord og konsept i starten, det hjalp også på kjensla av å VERE i Japan i fortida. Den idéen stjal eg også. Og fylte boka mi med norrøne ord og uttrykk.

Parasyte. Eg ELSKAR Parasyte. Om den ikkje hadde eksistert, måtte eg ha laga den sjølv. Eg har prøvd å prakke den på Flu og på Kapablo, med litt hell og MASSE hell. Romveseninvasjon i kroppen som metafor for pubertet.

Deathnote. Eg og min overmåte smarte norsklektorkompis Joakim fann ei felles glede med femtenåringar over heile landet: Deathnote er ei såpe, men den er ei ekstremt bra såpe. Og Dostojevskij skreiv jo også ekstremt bra såpe, så kvifor ikkje. Også kudos til Deathnote-forfattaren for å berre tvinge meg til å godta masse nye tullete reglar etterkvart som historia skrid fram. Lesartvang, det er noko eg respekterer.


Fill in only if you are not real





The following XHTML tags are allowed: <b>, <br/>, <em>, <i>, <strong>, <u>. CSS styles and Javascript are not permitted.
Posted by Øystein Wed, April 16, 2014 16:36:05

Har ikkje heilt kome inn i Berserk, men likar veldig godt det eg ser frå den nye serien hans, med ein diger brytar som går rundt i ein ørken. Virkar ikkje heilt som om han bryr seg så INTENST mykje om manuset sånn på makronivå ut ifrå det eg har sett så langt, men det er gøy og han er ein åpenbar Moebius-fan, og det er alltid bra.

Posted by Thinaran Sun, November 24, 2013 15:21:59

Gantz måtte jeg gi opp etter en stund, men kanskje jeg skulle hoppe på den igjen. Hvis jeg klarer å huske hvor jeg stoppa (jeg tror det var noe med ildvampyrer fra helvete).


Brofist for Parasyte. Den serien er konge. Som fan av ubervold har du kanskje lest Berserk og?