Øystein Runde

Øystein Runde

Av meg:

Bøker

Podcast

Tek prateoppdrag via Norsk Forfattersentrum


Ny episode av SINNSSYK I GÆRNINGSØYEBLIKKET

DiversePosted by Øystein Wed, April 16, 2014 16:06:22
Det er stas om du abonnerer og kommenterer, den har ei ganske åkei plassering på listene akkurat no. Abonner på den i iTunes her

Eller, for ikkje-iTunes-brukarar, kan du gå til www.remulade.no

MOSKVA

DiversePosted by Øystein Mon, February 10, 2014 11:04:14
Ny bok, klikk her!

Eg skal så klart late som at alle bøker er tunge og vriene å lage, men denne var lett og gøy.

Mykje fordi Ida gjorde så mykje av arbeidet.




Slutt å tru at du må vere så god

DiversePosted by Øystein Tue, April 16, 2013 22:38:47
Etter filmprosjektet Last Christmas så sit eg igjen med ein uendeleg stor visdom som eg vil la drysse ned over unge, håpefulle filmskaparar og skodespelarar, som flass frå ein svært høg mann med flass.

Og dette gode rådet er: Møt opp.

Om du er interessert i å verte skodespelar, kva med å lage ein video? Lån ein iPhone eller eit videokamera. Les inn eit kort, kult dikt i tre ulike stilar. Komedie, tragedie, og actionfilm. Legg det på youtube, som privatvideo, om du ikkje vil at folk skal sjå deg ... vent, vil du ikkje at folk skal sjå deg? Kvifor er du då hypp på å verte skodespelar? Den trygge økonomien? Bjørn Sundquist banka opp vennane sine om dei ikkje såg på diktlesingane hans. Eric Bishop skifta namn til det rare "Jamie Foxx" sånn at klubbar skulle tru han var ei jente og sleppe han til litt oftare.

Dette er sånne folk eg vil jobbe med.

Ikkje søte nittenåringar som sender meg tre like foto av seg sjølv, akkurat same vinkel, for dei er redde for at om eg får sjå dei frå ein vinkel dei ikkje er optimalt pene i, så mistar dei sjansen.

Vi vil ha Hannah Karine Giske, som fortløpande sender oss forskjellige auditionvideoar fordi ho ikkje klarer å slutte å tenke på karakteren sin. Som sit heile innspelinga og skriv dagbøker og dikt som karakteren sin, som lagar mat i rolle, og som blir sjuk fysisk viss rolla hennar er sjuk. Det er slitsomt for henne, men det vert bra. Ikkje at dette er ein fasit - alle skodespelarane vi hadde hadde ulik innfallsvinkel, og dei bidrog kvar og ein på overraskande og fantastiske måtar. Det var flaks, men det var også masse arbeid med castinga fram til vi endeleg fekk flaks.

Før vi fann dei, var vi ofte frustrerte: Var det ingen som berre kunne gjere det vi ba om? Sende ein videosnutt med nokre linjer dialog? Og føle dialogen på tre ulike måtar? Det er det som er faget dykkar, å føle ting på kommando. Men at det skal vere så bra? Ikkje stress. Vi ser ikkje på om tolkinga di er "bra". Vi ser berre på om du var i stand til å trykke "rec" på eit kamera og sende oss videoen. Det er alt vi vil ha, at du er trygg nok til å stole på at vi kan sjå gjennom dårleg bildekvalitet, dårlege valg, dårleg sminke osv. Dum deg ut, send inn noko skrot, men send det i tide.

Gratulerer, du slo nettopp 99% av alle andre.



Elefanten Tommy

DiversePosted by Øystein Wed, November 14, 2012 11:26:15


Japansk entusiasme

DiversePosted by Øystein Mon, March 19, 2012 13:05:25
Las i siste nummer av Gantz at Hiroya Oku faktisk har ein plan med kvar ting skal gå, og “håper inderlig eg får teikna den siste episoden ein gong i framtida. Tanken fyller meg med skam og glede, nesten som masturbering.”

Det var nok for meg. No er eg like entusiastisk som i starten igjen. GANTZ GANTZ GANTZ GANTZ! Det gjer ingenting om det er jug og han berre bløffar, så lenge eg FØLER at det er på veg ein stad.
Må berre smelle ut nokre fantastisk bra japanske seriar (vil ikkje kalle dei “manga”, for då trur folk det er store auge og folk som skiftar kjønn og HILARITY ENSUES) som har ein gjennomtenkt, bra slutt etter kanskje tusen eller ni tusen glimrande sider:

Lone Wolf and Cub. Du ER i føydaljapan gjennom 9000 sider. Etterpå slutta eg på kendo, for eg følte eg ikkje kunne kome lenger inn i føydaljapansk kultur lenger uansett. Kendotrenaren min sa det var den første gode grunnen til å slutte han hadde høyrt.
Eg likte Lone Wolf VELDIG godt, så godt at eg like gjerne lagde 150 sider om ein knallhard viking med rare verdiar (det er demmes kultur, ikke sant) og ein baby. Dark Horse-versjonen av Lone Wolf hadde også ei glimrande ordliste med japanske ord og konsept i starten, det hjalp også på kjensla av å VERE i Japan i fortida. Den idéen stjal eg også. Og fylte boka mi med norrøne ord og uttrykk.

Parasyte. Eg ELSKAR Parasyte. Om den ikkje hadde eksistert, måtte eg ha laga den sjølv. Eg har prøvd å prakke den på Flu og på Kapablo, med litt hell og MASSE hell. Romveseninvasjon i kroppen som metafor for pubertet.

Deathnote. Eg og min overmåte smarte norsklektorkompis Joakim fann ei felles glede med femtenåringar over heile landet: Deathnote er ei såpe, men den er ei ekstremt bra såpe. Og Dostojevskij skreiv jo også ekstremt bra såpe, så kvifor ikkje. Også kudos til Deathnote-forfattaren for å berre tvinge meg til å godta masse nye tullete reglar etterkvart som historia skrid fram. Lesartvang, det er noko eg respekterer.

Phenomena Azur - ny barnebokserie for 9-13.

DiversePosted by Øystein Sun, July 17, 2011 03:52:07


Phenomena Azur, bok 2, er ute no! Her er eg kun teiknar, medan Ruben Eliassen skriv vidare på "Norges største fantasysuksess", som Gyldendal gjerne seier. Ei av dei første skissene mine vart skrive inn i manuset av Ruben, og enda tilogmed som framside:

Trur og håper at vi har laga seks rett så lekre bøker for aldersgruppa 9-13. Første gong eg har laga noko for ei definert målgruppe. Bok 3 er i mine hender, men eg veit ikkje om den er i bokhandelen offisielt enno. Ruben lagde dette nydelige omslaget ved å setje saman tre ulike teikningar:Og så vert det innmari skummelt i bok 4.
Og i bok 5 møter Azur igjen ein gammal bekjent. Noko som er både bra og ille ...

Og til slutt, finalen i bok 6, som kjem i november. Der har det skjedd noko horribelt med Azur ... er det dragekjøt han har fått i seg?

Kritikkdikt:

DiversePosted by Øystein Fri, July 24, 2009 18:24:49
Before you judge me, try hard to love me, look deep inside your heart, and åpne truten:

then ask:

Have you seen Margarin, De Fire Store, Rundetid or Futen?