Øystein Runde

Øystein Runde

Av meg:

Bøker

Podcast

Tek prateoppdrag via Norsk Forfattersentrum


Tronsmo selger Margarin til spottpris! EDIT: Utsolgt!

MargarinPosted by Øystein Sat, July 11, 2009 17:45:49
Ja! Eg selger som kjent Margarinboka - "6 av 6 - en av norges beste tegneserier" - Askild Matre Aaserød, SKUM - åtti sider, UV-lakkert hardcover, smussomslag, forord av Joakim Stegen, til 180 spenn frå denne websida. Men Tronsmo er som vanleg min overbutikk, og dei vil no i sin generøsitet tilby Margarin for lusne 75 kroner! Fantastisk! (Prisen i nettbutikken er 179 som før, du må oppsøke Tronsmo fysisk. Og då kan du jo gjere det i sepember, då det er Sleggja-utstilling. Og så kan du be Tronsmo sin overkompetente stab - Per Petterson jobba der jo før - om julegåvetips.

Margarin

MargarinPosted by Øystein Tue, June 30, 2009 16:34:43

Etter å ha gått tom to gonger før, har eg endeleg ein ny dose Margarinbøker på lager! Dette er den siste dosen eg får tak i (forlaget har gått konk, truleg fordi dei prioriterte å gi ut altfor lekre utgåver av vrange teikneseriar som ingen forsto) så når lageret mitt er utsolgt så har eg ikkje meir. Eg gruar meg!

180 kr, fritt levert og signert om du bur i Oslo og kan møte meg for overlevering. Normal porto om du er ein annan stad i landet.

Margarin er ei sjokkerande fin bok, og eg vil for alltid vere takksam til Jon Løvstad i Seriehuset som sørga for at den aller første teikneserieboka eg ga ut vart endå finare enn eg venta.