Øystein Runde

Øystein Runde

Av meg:

Bøker

Podcast

Tek prateoppdrag via Norsk Forfattersentrum


Grimstad

TegneseriekursPosted by Øystein Tue, August 20, 2013 23:54:55

Hadde teikneseriekurs i Grimstad før sommaren, no fann eg denne teikninga som ein av 12-åringane lagde av meg. Jaaah!

Seriekurs for 10-12:

TegneseriekursPosted by Øystein Wed, December 21, 2011 10:27:59

Teikneseriekurs, også kjent som tegneseriekurs

TegneseriekursPosted by Øystein Wed, July 22, 2009 16:25:17
Representantar frå denne bloggen, ja, vi kan vel kalle det sjefen sjølv, tok eit avbrekk i si viktige blogging for å halde eit "interessant og engasjert" foredrag på Rosenvilde VGS. "Engasjert" er kodespråk for "spyttar når han snakkar".

Litt meir om underteikna på www.tegneseriekurs.com.

Foredraga er organisert via Norsk Forfattersentrum.

I tillegg held eg to-vekers teikneseriekurs på Nordland Kunst- og Filmskole ein gong i året, noko som har gjentatt seg dei siste fire åra.

Eg brukar som regel tida på grunnleggande ting - anatomi, aksebrudd, karakter, dramaturgi, flyt, arbeidsmetode og utstyr. Om ein har meir tid, og alt synker inn, SMELLER eg til med Scott mcCloud si abstraksjonspyramide, den berømte trekanten frå Understanding Comics, den beste teikneserieteoriboka på vestleg halvkule. Pyramiden viser korleis lesaridentifikasjonen endrar seg alt etter om ein teiknar realistisk, ikonografisk eller abstrakt. Sidan Sleggja er "realistisk" teikna og Rundetid er ekstremt ikonografisk teikna, og Margarin tidvis er ganske abstrakt, kan eg gi døme på dette frå min eigen produksjon, i tillegg kjem jo teikneseriehistora sånn generelt, utanfor min navle. Frå det gamle Egypt via Bayeuxteppet og Yellow Kid til Winsor mcKay, geniet som både var pioner på teiknefilm og teikneseriar, og som det den dag i dag er få som tangerer. Og så svosj, til manga, Alan Moore, Nemi, Pondus og framtida.

Men eigentleg er det som gjer mest suksess å teikne på tavla. Det er stas med folk som kan teikne på tavla. Spesielt om dei i tillegg spyttar når dei snakkar.